Protokoll frå årsmøte i Nordisk forening Lanzarote 25. februar 2019
Årsmøte i Nordisk forening vart halden på Sjømannskyrkja måndag 25. februar kl. 18.00.
Leiar
Liv Jensine Gundersen ynkste dei 41 medlemmene velkomen og hadde forslag på Leif Thuland som møteleiar. Han vart samrøystes vedteken som møteleiar.
SAKLISTE
1. Godkjenning
av innkalling og sakliste.
Ingen merknader.
2. Val av skrivar og to til å underskrive protokollen.
Vedtak (samrøystes): Skrivar: Bjørg Møllerplass.
To til å underskrive protokollen: Hans Laabak og Elisabeth Bie.
3. Årsmelding.
Leiar Liv Jensine Gundersen la fram ei fyldig og god årsmelding.
Vedtak (samrøystes): Årsmeldinga godkjent.
4. Rekneskap
Kasserar Leif Thuland la fram revidert rekneskap for Nordisk forening her nede i
Euro, og for rekneskap for Nordisk forening i DnB i Norske kr.
Revisor Laila Solberg la fram sin revisjonsrapport.
Vedtak: (samrøystes): Rekneskapen godkjent utan merknader.
5. Budsjett
Kasserar Leif Thuland la fram budsjett for 2019.
Vedtak (samrøystes): Budsjettet godkjent utan merknader.
6.
Innkomne forslag
Det var ikkje komen inn forslag til møtet.
7. Val
John Ingvald Dahl og Alvhild Hofseth går ut av styret, leiar Liv
Jensine Gundersen bar fram ein hjarteleg takk for godt utført arbeid og hadde ei liten gåve til dei. Nye inn i styret vart samrøystes vald: Gro Grøtte og Anna Jørgensen-Angell.
Styret
ser då slik ut:
Leiar:
Liv Jensine Gundersen 1 år att
Styremedlemer:
Terje Nøttveit 1 år att
Bjørg Møllerplass 1 år att
Leif Thuland 2 år (attval)
Gro Grøtte
2 år (ny)
Varamedlemer:
Unni
Gro Wilberg 1 år (attval)
Anna Jørgensen-Angell
1år (ny)
Revisor:
Laila Solberg
1 år (attval)
Valnemnd:
Bjørn Pettersen
attval
Frøydis Sandberg
attval
Kari Sæle
ny
Årsmøtet slutt.
Referent: Bjørg Møllerplass
________________________
_______________________
Underskrift 1.
Underskrift 2.
Orienteringar
Leiar Liv Jensine Gundersen ville gjerne informere litt
om at hausten 2019 (15. nov.) så er Nordisk forening 30 år. Styret har drøfta dette og ho la fram kva for tankar som har kome fram. Sjømannskyrkja vår her nede er også 30 år på same tid og ho og prest Rose-Marie
Skarsten tenkjer ein fellestur til La Graciosa fyrst i nov. 15. nov.er det tenkt ei festleg samkome på Las Vistas med jubileumskake og champagne. Få lokale kulturkrefter på øya saman med kanskje våre til underhaldning. Storfest
utpå nyåret.
Liv Jensine fekk god tilslutnad til dette og ho vart også takka hjarteleg for hennar gode arbeid i Nordisk forening. Og saman med gode medarbeidarar i alle tiltak og undergrupper så er det verkeleg god vind
i segla for Nordisk forening.