Årsmøteprotokoll 2019

Styret 2019/ 2020. Fra v. Bjørg Møllerplass, Anna Jørgensen-Angell, Leif Thuland, Gro Grøtte, Liv Jensine Gundersen, Terje Nøttveit, Unni Gro Wilberg .

Årsmøteprotokoll Nordisk forening 2019

 Protokoll frå årsmøte i Nordisk forening Lanzarote 25. februar 2019

Årsmøte i Nordisk forening vart halden på Sjømannskyrkja måndag 25. februar kl. 18.00.

Leiar Liv Jensine Gundersen ynkste dei 41 medlemmene velkomen og hadde forslag på Leif Thuland som møteleiar. Han vart samrøystes vedteken som møteleiar.

SAKLISTE

1.     Godkjenning av innkalling og sakliste.

      Ingen merknader.         

2.     Val av skrivar og to til å underskrive protokollen.

Vedtak (samrøystes): Skrivar: Bjørg Møllerplass.                                                                                  To til å underskrive protokollen: Hans Laabak og Elisabeth Bie.  

3.     Årsmelding. 

Leiar Liv Jensine Gundersen la fram ei fyldig og god årsmelding.                                                          Vedtak (samrøystes): Årsmeldinga godkjent.

4.     Rekneskap

Kasserar Leif Thuland la fram revidert rekneskap for Nordisk forening her nede i Euro, og for rekneskap for Nordisk forening i DnB i Norske kr.                                                                                            Revisor Laila Solberg la fram sin revisjonsrapport.  

Vedtak: (samrøystes): Rekneskapen godkjent utan merknader.                                                

5.     Budsjett

Kasserar Leif Thuland la fram budsjett for 2019.                                                                                    Vedtak (samrøystes): Budsjettet godkjent utan merknader.

6.     Innkomne forslag

Det var ikkje komen inn forslag til møtet.

 7.     Val

John Ingvald Dahl og Alvhild Hofseth går ut av styret, leiar Liv Jensine Gundersen bar fram ein hjarteleg takk for godt utført arbeid og hadde ei liten gåve til dei. Nye inn i styret vart samrøystes vald: Gro Grøtte og Anna Jørgensen-Angell.

  

Styret ser då slik ut:

Leiar:
Liv Jensine Gundersen                    1 år att

Styremedlemer:
Terje Nøttveit                                    1 år att                                                                                    Bjørg Møllerplass                              1 år  att                                                                                        Leif Thuland                                     2 år  (attval)                                                                              Gro Grøtte                                              2 år  (ny)

Varamedlemer: 
Unni Gro Wilberg                               1 år (attval)                                                                           Anna Jørgensen-Angell                                 1år (ny)

Revisor:
 Laila Solberg                                                1 år (attval)

Valnemnd:
Bjørn Pettersen                                              attval
Frøydis Sandberg                                          attval  
Kari Sæle                                           ny

 

Årsmøtet slutt.

Referent: Bjørg Møllerplass

 

________________________                               _______________________

Underskrift 1.                                                            Underskrift 2.

 

Orienteringar

Leiar Liv Jensine Gundersen ville gjerne informere litt om at hausten 2019 (15. nov.) så er Nordisk forening 30 år. Styret har drøfta dette og ho la fram kva for tankar som har kome fram. Sjømannskyrkja vår her nede er også 30 år på same tid og ho og prest Rose-Marie Skarsten tenkjer ein fellestur til La Graciosa fyrst i nov. 15. nov.er det tenkt ei festleg samkome på Las Vistas med jubileumskake og champagne. Få lokale kulturkrefter på øya saman med kanskje våre til underhaldning. Storfest utpå nyåret.

Liv Jensine fekk god tilslutnad til dette og ho vart også takka hjarteleg for hennar gode arbeid i Nordisk forening.  Og saman med gode medarbeidarar i alle tiltak og undergrupper så er det verkeleg god vind i segla for Nordisk forening.

 

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

28.02 | 11:34

gleder oss til turen. vi kommer på ved casino

...
I dag | 10:00
Nordisk forening har mottatt 29
I går | 22:54
Ny sesong høst 2019 har mottatt 2
22.05 | 16:41
En flott sesong 2019 har mottatt 2
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE