Jostein Seljelid til minne

Minneord om Jostein Seljelid

Tekst : Bjørg Møllersplass

Vår kjære Jostein er reist frå oss. På forsommaren møtte me Berit på Hønefoss og me skjønte at Jostein var veldig dårleg. Rundt påsketider var han og Berit nede på Lanzarote og me møttest i sjømannskyrkja. Jostein hadde så sterk livsvilje, dei siste åra hadde han synt oss ein styrke og ei vilje til å takle denne alvorleg sjukdomen som berre han kunne. Alltid optimist og han fortalde han ville så inderleg vone at han kunne få koma ned att til Lanzarote fleire gonger. Øya som han hadde vorte så glad i, han som i alle år hadde vore ein fjellet sin mann. Der nede i sol og varme dela han med oss i gode foredrag eit rikt liv i fjellet med mange opplevingar. Bergensbanen hadde vore arbeisplassen hans i alle år. Han hadde budd på stasjonar og stoppestader heilt frå Svenkerud og inn gjennom fjellet sine mange værharde strekningar. Eit hardt arbeidsliv både vinter og sommar, som han såg tilbake på med glede.

Jostein var sers kunnskapsrik og interessert i alt omkring oss. Raust dela han gode reiseskildringar og opplevingar han hadde hatt. Han hadde tileigna seg mykje lærdom og kunne dela med oss foredrag som favna frå livet på Svalbard og til eldre tider og t.d. livet til Per Sivle.

På Lanzarote har me møteplassane Sjømannskyrkja og Nordisk Forening, begge stader har Jostein synt ein stor arbeidsinnsats for at me alle skulle ha det gildt i saman.

I Nordisk forening har me turopplegg kvar 14.dag. Der har Jostein vore ein pådrivar. Glad i øya som han var ville han vera med og syna den fram for oss som kom ned dit. Han var turleiar, gjerne saman med Frøydis Sandberg. Fyrst reiste dei opp løypene og såg kor vegar og stigar var best før dei annonserte turen. Me møtte opp, hadde niste med, fekk fortalt om leveveg, fauna, korleis øya vart til, vulkanar og utbrot med lavamassar som endra øya. I dugurden smaka matpakka godt, Jostein tok fram munnspelet, gode gamle norske melodiar lydde gjevt i landskapet.

Me har også eit godt sangkor der nede som heiter Alegria som er Glede på norsk. Me kjenner alle til Jostein si rike og gode sangstemme. Den vil lyde i øyrene våre når me ser Jostein for oss.

Jostein sin 80 års dag med familie og vener vart feira i Sjømannskyrkja og synte oss slik som de har sett i annonsa: «Den største gleda ein kan ha, det er å gjera andre glad». Gilde minner for oss.

Kjære Berit, «Kjærasten min», sa Jostein når han prata om deg. Når me møtte dykk eller var saman med dykk så var det ein aura av godheit, humør og interesse for korleis andre hadde det. De var så trivelege i lag, saman stod de på med arbeid for felleskapen der nede, skapa glede og godhug rundt dykk. Me har sett korleis de saman har kjempa med sjukdom begge to, korleis du har heile tida vore den beste støtte og hjelp Jostein kunne ha. Kjærleiken mellom dykk har me rundt dykk fått kjenne på, og dela med dykk. Det har vore gilde år i lag på Lanzarote. Vonar me kan dele gode minner og felleskap saman i åra som kjem, Berit.

Kjære Berit og heile familien til Jostein, me er mange som tenkjer på dykk og kjenner på saknet etter Jostein.

«Nordisk Forening» på Lanzarote er i sorg desse dagane. Alle vil me minnast vår kjære Jostein i stor takksemnd.

Skriv en kommentar: (Klikk her)

123hjemmeside.no
Antall tegn tilbake: 160
OK Sender...
Se alle kommentarer

| Svar

Nyeste kommentarer

23.11 | 17:54
Nordisk forening har mottatt 15
21.11 | 23:03
Ut på tur 30.11.17 har mottatt 2
11.11 | 18:30
Hesteskokasting har mottatt 3
11.11 | 18:27
QUIZ har mottatt 2
Du liker denne siden
Hei!
Prøv å lage din egen hjemmeside som jeg.
Det er enkelt, og du kan prøve det helt gratis.
ANNONSE